Eg er ein av dei som strauk i matte

Kvifor i heite hulaste skal regjeringa sette eit krav til meg om at EG må ha 4 i matematikk for å verte lærar, skriv…

11. august 2016

Runar Nørstad

Jeanette Jelle er ein av dei 367 som strauk på forkurset i matematikk. (Foto: Privat)

Kvifor i heite hulaste skal regjeringa sette eit krav til meg om at EG må ha 4 i matematikk for å verte lærar, skriv SL-medlem Jeanette Jelle.

 

Den tidligare ungdomskontakten i Skolenes landsforbund Møre og Romsdal hadde en draum om å kome inn på lærarutdanninga.

Men regjeringas krav til fire i matematikk setjar en stopper for det, skriv Jeanette Jelle på bloggen sin:

«Eg er ein av dei 367 sjelene som strauk på forkurset i matematikk

Eg er ein av dei som mistar den utdanninga eg vil ta.

Eg er ein av dei som er meir praktisk anlagt enn teoretisk.

Eg er ein av dei som hadde ein 3’ar i staden for 4.

Eg er ein av dei som mista all motivasjon til å faktisk prøve.

Eg er ein av dei som ikkje lengre kunne glede meg over å starte der eg ville.

Eg er ein av dei som mista sjansen, mista mulegheita og ikkje minst den lille draumen.»

 

Eg sat i sofaen og kom over ein artikkel som Skolenes landsforbund la ut på si side, «Går glipp av mange dyktige lærere».

Det er ikkje ei god kjensle å lese at så mange som 367 personar MISTA sjansen sin til å verte lærarar, og det å vite at eg er ein av dei! Eg har sutte heile ferien og visst at eg kom til å stryke, og ja, eg strauk!

Men kvifor i heite hulaste skal regjeringa sette eit krav til meg om at EG må ha 4 i matematikk for å verte lærar, kvifor skal eg som ikkje har planar om å vere matematikklærar ha 4?! Kvar er logikken i den samansetjinga?

Eg vil ha norsk, RLE, samfunnskunnskap, historie og til og med GEOGRAFI (som verkeleg ikkje er mi sterke side). Eg er ikkje interessert i å undervise i matematikk, eit fag som treng sterke og praktisk dyktige lærarar! Kor tid skal regjeringa sjå kva dei gjer med MI yrkesfaglege utdanning, kor tid skal dei sjå at dei robbar meg frå sjansen til å verte ein helsikes DYKTIG lærar innanfor bl.a. norsk?!

Heldigvis hadde eg sikra meg på andre valet, eg hadde ei tilnærma 100 % vissheit om at eg kom inn på andre valet, og det gjorde eg. Eg kom inn på årsstudium i filosofi, ved Universitetet i Agder (UIA).

Men kva skal eg gjere neste år? Det er jo neste år det er snakk om at lærarutdanninga verte obligatorisk masterutdanning. For all del, det er vel og bra at lærarutdanninga vert meir i fokus, men for guds skuld, kva med meg? Kva med alle oss som synast det er hardt nok å skulle bestå ein bachelor, kvifor må me då måtte slite oss gjennom ein master?

Eg er praktisk anlagt, eg har det i fingerspissane, eg VEIT at eg kan verte ein ufatteleg god lærar, for det synast når eg jobbar med elevar, men korleis skal eg kunne bevise det når eg atter ein gang skal få eit slag i trynet neste år?

Når eg neste år må ta ei masterutdanning, ein master, som for meg fortonar seg som å gå midtfjors på den tynnaste isen når det byrjar å verte vår, der du høyrer isen knirkar og åtvarar meg mot å ta neste steg. Der eg ikkje høyrer etter, eg tek neste steg og isen hadde rett, eg skulle ikkje gjort det, for no flyt eg nede på havbotnen utan mulegheit til å kome meg oppatt.

Eg er veldig glad på vegne av dei 118 sjelene som besto, eg unner dei alle hell og lukke i utdanninga si. Eg skulle ynskje eg var ein av dei. Ikkje det at (beklagar om nokon vert fornærma no) læraryrket er min absolutt store og gedigne draum, men det er ein veldig viktig veg for at eg skal kome meg dit eg vil.

Det er kanskje mange som vil reagere på det eg skriv, det er sikkert mange som vil seie at eg er lat, at eg burde prøvd hardare, «Du hadde klart det om du berre prøvde», men kvifor skal eg måtte ha eit krav om å prestere hardt i matematikk når det ikkje er den greina eg vil undervise i? Som leiaren i Skolenes landsforbund, Anne Finborud, tidlegare har nemnt: Det er fullstendig meiningslaus å vele ut matematikk som et «guddommelig» fag for læraryrket.

 

Relevante lenker:
SL: – Går glipp av mange dyktige lærere
SL: 23-åring fikk fart på vervingen