Slik er elevane med og utan mobil

Stadig fleire skular og kommunar over heile landet har innført såkalla «mobilfri skule». Det betyr at elevane kvar dag må levere inn mobilane sine…

21. april 2015

Runar Nørstad

Stadig fleire skular og kommunar over heile landet har innført såkalla «mobilfri skule». (Foto: Sony/SL/Illustrasjon)

Stadig fleire skular og kommunar over heile landet har innført såkalla «mobilfri skule». Det betyr at elevane kvar dag må levere inn mobilane sine før første skuletime.

Målet er at elevane skal vere meir sosialt aktive gjennom skuledagen, samstundes som skulane vil motverke mobbing i sosiale medium, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Nokre stader har dei opplevd at elevar har blitt fotograferte i garderoben. Då er vegen kort for at bileta blir spreia på nettet.

Men ikkje alle er samde i at eit forbod mot mobiltelefon er vegen å gå.

– Skulane gjer nok dette med gode intensjonar, men eg synest ikkje det er ei god løysing. Det er betre om vi snakkar med elevane om innhald og bruk, seier seniorrådgjevar Karoline Tømte ved Senter for IKT i utdanninga.