VEDTEKTER

Vedtektene beskriver ansvar og oppgaver for forbundet, fylkeslag, foreninger og klubber

Nedenfor finner du Skolenes landsforbund sine gjeldende vedtekter for landsmøteperioden 2021-2025.

For Skolenes landsforbund, Skuvllaid riikkalihttu, organisasjonsledda i forbundet og medlemmer

§ 1 Generelt om vedtektene

Desse vedtektene er vedtekne av landsmøtet i Skolenes landsforbund i 2021.

A – Oppheving – endring

Vedtektene kan berre opphevast eller endrast etter vedtak på landsmøte i Skolenes landsforbund.

B – Særvedtekter

Om eit organisasjonsledd finn det naudsynt, kan det gjere vedtak om tillegg til desse vedtektene for verksemda si. Desse skal godkjennast av forbundsstyret/landsstyret.

§ 2 Tolking av vedtektene og avgjersle av tvistar

Tolking av desse vedtektene og tvistar knytt til vedtektene kan ikkje prøvast ved dei sivile domstolane. Dei vert avgjorte av forbundsstyret med rett til å klage til landsstyret.

På same måte vert organisasjonsmessige tvistespørsmål avgjorte som ikkje direkte er løyste i vedtektene.

§ 3 Verkeområde for forbundet

Skolenes landsforbund, som er tilslutta landsorganisasjonen i Noreg (LO), er ei landsomfattande samanslutning som organiserer arbeidstakarar og studentar innanfor utdanning, opplæring og oppvekst, samt pensjonistar som har vore yrkesaktive medlemmer.

§ 4 Organisasjonsledda i Skolenes landsforbund

Organisasjonsledda i forbundet er:

1. Landsmøtet
2. Landsstyret
3. Forbundsstyret
4. Fylkeslag
5. Foreiningar
6. Klubbar
7. Faste utval
• Organisasjonsutvalet
• Utdanningspolitisk utval
• Pensjonsutval
• Samepolitisk utval

I tillegg kan forbundet ha sentrale og lokale ad hoc-utval ved behov.

§ 5 Føremål

Skolenes landsforbund har til føremål:

  • Å organisere medlemmer innanfor forbundet sitt verkeområde og opprette fylkeslag, foreiningar, klubbar og utval.
  • Å tryggje og betre lønns-, arbeids- og pensjonsvilkåra til medlemmene.
  • Å yte medlemmene hjelp ved tilsetting, oppseiing og under konfliktar i lønns- og arbeidsforhold.
  • Å sikre medlemmene rett til reell medråderett og påverknad på eigen arbeidssituasjon.
  • Å sjå etter at dei tilslutta fylkeslaga, foreiningane, klubbane og utvala vert leia etter felles retningslinjer, slik at det ved solidarisk samverke mellom fylkeslag, foreiningar, klubbar og utval vert skapt eining og kraft i arbeidet for å fremje dei faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle interessene til medlemmene.
  • Å arbeide for at fagorganisasjonen alltid er fri og uavhengig.
  • Å arbeide for eit utdanningssystem der FNs menneskerettserklæring av 1948 er det berande verdigrunnlaget, og der målet er eit samfunn prega av likeverd, likestilling og solidaritet mellom menneske og menneskegrupper både på det nasjonale og det internasjonale plan.

§ 6 Særorganisasjonar mv.

Det må ikkje dannast særorganisasjonar, celler, grupper eller aksjonsutval som arbeider for å setje ut av funksjon dei regulært oppretta og valde instansane innan forbundet eller å fremje føremål som ligg utanfor dei til forbundet.

§ 7 Medlemskap

A – Opptak av medlemmer

  1. Alle lønnstakarar som har hovudstilling innanfor det verkeområdet som er bestemt i § 3 og studentar som utdannar seg for slik hovudstilling, og som godkjenner vedtektene i forbundet, kan verte medlemmer av forbundet. Det same gjeld for arbeidssøkjarar til nye stillingar. Unnateke frå dette er: personar som står tilslutta eller representerer eit politisk parti eller ein organisasjon som har nazistisk, fascistisk eller rasistisk program.
    Det same gjeld dei som har teke arbeid under godkjent arbeidsstans eller er ekskludert frå fagforbund tilslutta LO. Desse kan ikkje verte opptekne som medlemmer utan særskilt vedtak av forbundsstyret. Streike- eller blokadebrytarar kan ikkje under noko omstende verte medlem før vedkomande har ordna opp med det forbundet som saka høyrer inn under.
    Medlemskap trer i kraft når det er registrert i forbundet. Om ein gjev urette opplysningar eller let vere å gje opplysningar som betyr noko for medlemskapen når ein vert teken inn som medlem, og på den måten villeiar forbundet, kan medlemskapen verte omgjort utan at ein har krav på å få tilbake innbetalt kontingent. Før omgjering av slikt skjer, må vedkomande få høve til å forklare seg.
  2. Innmelding må gjerast skriftleg til forbundet.
  3. Ved innmelding vert ein medlem gjennom eit lokalt organisasjonsledd. På stader der forbundet ikkje har foreining/ klubb, vert ein direkte tilslutta fylkeslaget. I spesielle tilfelle kan ein verte direkte tilslutta forbundet.
  4. Tvist om medlemskap i forbundet vert avgjort av forbundsstyret. Avgjersla kan ankast til LO.

B – Rettar og plikter for medlemmene

  1. Ein medlem har plikt til å utøve det tillitsvervet som forbundet, fylkeslaget, foreininga eller klubben vel vedkomande til.
  2. Ein medlem har rett til å seie frå seg val for like lang tid som han har vore valt for.
  3. Ein medlem har sjølv plikt til å sjå til at medlemskapen til ei kvar tid er i orden.
  4. Ein medlem har plikt til å halde forbundet orientert om endring i kontaktinformasjon.

C – Heidersmerke

Skolenes landsforbund sitt heidersmerke vert utdelt til alle medlemmer som har 25 års ubrote medlemskap i forbund tilslutta LO. Ved 40 års samanhengande medlemskap vert LO sitt heidersmerke tildelt. Ved 60 års samanhengande medlemskap i LO vert eit diplom og ein statuett tildelt.

D – Opptak av æresmedlem

Etter forslag frå forbundsstyret kan landsmøtet med tilråding frå landsstyret bestemme å oppta som æresmedlem medlem som har gjort forbundet særleg store tenester.

E – Kvilande rettar for medlemmer

  1. Medlemmer som reiser ut av landet, kan søkje forbundet om å få oppretthalde medlemskapen med kvilande rettar. Ved innvilga søknad om kvilande rettar vert medlemmen friteken for kontingent, men ikkje for premie til kollektive forsikringar.
  2. Når slik medlem vender tilbake, har han dei same rettar i forbundet som han hadde då han reiste utanlands. Desse rettane trer i kraft same dag som det er registrert i forbundet at medlemmen er attende.
  3. Alle søknader om kvilande rettar vert avgjorte av administrasjonen i forbundet.

F – Overføring frå utanlandsk forbund

Medlemmer som i minst 3 månader har høyrt til utanlandske forbund som forbundet har gjensidig overeinskomst med, vert tekne opp i forbundet når vilkåra elles er til stades. Slike medlemmer får fulle rettar frå den tid dei vart organiserte.

G – Overflytting av medlemmer mellom LO-forbund

  1. Medlemmer kan flyttast over frå eitt forbund til eit anna innan LO. I slike tilfelle må medlemmene fylle dei vilkåra vedtektene i LO fastset for overflytting. (Jf. Vedtektene i LO).
  2. Ved overflytting frå eller til andre LO-forbund må melding sendast til Skolenes landsforbund for kvittering.
  3. Ved overføring får medlemmene straks alle rettar i forbundet i forhold til medlemskapen sin i tidlegare LO-forbund.
  4. Overflytting skal skje innan 2 månader etter at medlemmen har teke arbeid innanfor verkeområdet til eit anna forbund.

H – Utmelding

Ved utmelding skal medlemmen sende skriftleg melding til forbundet. Forbundet gjev melding til lønnskasserar om stopp i lønnstrekk for kontingent og forsikringspremie.

Utmeldinga gjeld frå utløpet av den påfølgande heile månaden.

I – Utestenging av medlemmer/tillitsvalte

  1. Medlemmer/tillitsvalte, som set seg ut over vedtektene eller vedtak i forbundet eller LO, eller på annan måte handlar til skade for organisasjonen eller medlemmene i forbundet, kan stengast ute frå medlemskap etter vedtak av forbundsstyret. Det skal innhentast tilråding frå lokalt organisasjonsledd. Slik utestenging kan gjerast, anten for eit bestemt tidsrom (suspensjon) eller for alltid (eksklusjon). Vedtak etter slik utestenging kan innan ein månad etter at skriftleg melding er motteken, utan forseinkande verknad, ankast inn for landsstyret. Den ankande part har rett til å møte og/eller vere representert og forsvare saka si overfor det organisasjonsledd som etter slik utestenging tek ei avgjersle.
  2. Suspenderte medlemmer må betale kontingent i den tida dei er suspenderte, men dei har ikkje høve til å delta i møta til foreininga.
  3. Utestenging av medlemskap fører alltid med seg at medlemmene mistar alle tillitsverv i fagrørsla og dei kan ikkje delta i møte i forbundet.

J – Bi-medlemskap

LO-medlemmer som har annan hovudarbeidsgjevar og stilling i verksemder innan SL sitt organisasjonsområde, kan få bi-medlemskap i SL, eller dei kan velje ordinært medlemskap. Bi-medlemskap inneheld ikkje kollektive forsikringsordningar.

Bi-medlemmer:

  1. får ordinære rettar i klubb, foreining, fylkeslag og utval.
  2. kan ikkje veljast til forbundet sitt landsmøte, landsstyre og forbundsstyre.
  3. betaler kontingent i samsvar med vedtektenes § 12.1 for stillingar/ane i skoleverk/undervisning til Skolenes landsforbund.

§ 8 Teieplikt for tillitsvalte og tilsette i forbundet

Alle tillitsvalte og tilsette i forbundet har teieplikt i saker som gjeld enkeltmedlemmer. Tillitsvalte og tilsette i forbundet har ikkje lov til å utlevere opplysningar om enkeltmedlemmer utan løyve frå medlemmen. (Jf. off. forvaltning og vanlege reglar for teieplikt.)

§ 9 Kjønnskvotering

Ved val til landsmøte, alle styrande organ og utval og i alle organisasjonsledd vert kjønnskvotering nytta. Minst 40 % av kvart kjønn skal vere representert der dette er mogleg.

§ 10 Hovudkontor, firmateikning og forvaltning

  1. Forbundet har hovudkontor i Oslo.
  2. Forbundsstyret bestemmer kven som skal forplikte forbundet.
  3. Forbundet skal setje midla sine i bank. Midlar som vert nytta til kjøp av fast eigedom og teikning av aksjar i føretak som forbundet har interesse av å vere medeigar i, skal plasserast etter vedtak i landsstyret.
  4. Forbundsstyret må til ei kvar tid sjå til at midla til forbundet vert plasserte slik at dei i påkomande tilfelle kan realiserast snøgt.

§ 11 Rekneskap, revisjon og kontrollkomiteen

A Rekneskap

  1. Hovudføremålet med rekneskapen er å gje medlemmene innsikt i dei økonomiske aktivitetane og stillinga til forbundet.
  2. Forbundet skal kvart år leggje fram årsrekneskap og årsmelding. Årsrekneskapen og årsmeldinga skal underteiknast av forbundsstyret. Rekneskapsførsel, årsrekneskap og årsmelding skal elles følgje dei føresegner som er fastsette i rekneskapslova.

B Revisjon

Revisjon av forbundet sine rekneskapar skal utførast av statsautorisert revisor eller eit revisjonsselskap av statsautoriserte revisorar.

  1. Revisjonen skal utførast etter gjeldande, god rekneskapsskikk og i samsvar med den instruksen som LO har fastsett.
  2. Forhold som revisor har peika på overfor forbundet skal framkomme i revisjonsprotokoll og takast vare på saman med protokollen.

C Kontrollkomiteen

  1. Kontrollkomiteen er landsmøtet sitt kontrollorgan.
  2. Kontrollkomiteen skal føre tilsyn med verksemda i forbundet og sjå etter at forbundet følgjer lover og forskrifter, vedtekter og vedtak i forbundet sine vedtaksføre organ, i tillegg til vanleg organisasjonsmessig praksis.
  3. Kontrollkomiteen skal kontrollere uravrøystingar om tariffoppgjer.
  4. Kontrollkomiteen kan til alle tider forlange å få forbundet sine protokollar og dokument lagt fram for seg og krevje at tillitsvalte og tilsette gjev dei opplysningar som komiteen meiner er naudsynte for at komiteen skal kunne utføre vervet sitt.
  5. Kontrollkomiteen skal i arbeidet sitt følgje dei avgjersler som er gjevne i normalinstruks for kontrollkomiteane til forbunda.
  6. Kontrollkomiteen skal føre protokoll frå møta sine.
  7. Kontrollkomiteen skal gje meldinga si til dei organa som behandlar årsmelding og rekneskap.
  8. Kontrollkomiteen har tale- og forslagsrett i saker knytt til komiteen sitt arbeid.

§ 12 Kontingent til Skolenes landsforbund

A Kontingenten og innbetaling

  1. Medlemmene betaler 1,35 % av brutto lønn som kontingent. Den øvre grensa for kontingenten vert fastsett av landsstyret. Alle fylkeslag får tilbakeført ein grunnsum på kr. 50 000 og, i tillegg, minimum 10 % av innbetalt kontingent. For Nordland, Troms og Finnmark vert minimum 15 % av innbetalt kontingent ført tilbake til fylkeslagets organisasjonsledd. Avsetninga til kampfondet skal vere 2 % av totalkontingenten inntil minimumskravet om kor stort kampfondet skal vere etter LO sine vedtekter, er oppfylte.
  2. Ekstraordinær kontingent* vert utskriven av landsmøtet, landsstyret eller forbundsstyret når truande uro på arbeidsmarknaden gjer det ønskjeleg å styrke kampførebuinga til forbundet. (* Sjå også §§ 28 og 35 – utskriving av ekstrakontingent ved fylkeslag og foreiningar).
  3. Ordinær og ekstraordinær kontingent skal, der det er inngått avtale med vedkomande arbeidsgjevar, trekkjast i lønn og innbetalast til forbundet etter gjeldande reglar for kontingentoppgjer. Når kontingenten ikkje kan trekkjast i lønna, skal kontingenten betalast av medlemmen til forbundet etter gjeldande reglar. Premiar til dei kollektive forsikringsordningane til forbundet vert kravde inn saman med kontingenten.
  4. Kontingenten skal betalast for alle månadar i året.
  5. Ein medlem som vert alderspensjonert eller uførepensjonert vert friteken for kontingent ved å gje melding til forbundskontoret. Medlemmer som er alderspensjonert eller uførepensjonert, betaler eit årleg beløp til delvis dekking av informasjon, kollektive forsikringar og sakshandsaming for pensjonistar. Medlemmer som held fram i stillinga si medan dei tek imot alderspensjon, betaler vanleg kontingent av løna. Det årlege beløpet vert fastsett av landsstyret.
  6. Ved utmelding stoppar kontingentkravet først ved utløpet av neste månad etter at utmelding er motteken.
  7. Direkte tilslutta medlemmer betaler same kontingent som medlemmer tilslutta foreiningane.
  8. Studentar betaler eit årleg beløp fastsett av landsstyret til delvis dekking av informasjon og kollektive forsikringar.

B Kontingentfritak

  1. I periodar utan lønn vert medlemmer fritekne frå kontingent, dersom sjukdom, svangerskaps- og omsorgspermisjon, arbeidsløyse, arbeidsstans, militær- eller sivilteneste er skuld i dette. Kollektive forsikringar må betalast. Ved skolegang som varer under 1/2 år med tilsvarande permisjon utan lønn frå hovudstillinga, kan tilsvarande kontingentfritak også innvilgast.
  2. Medlemmer som har permisjon utan lønn frå hovudstilling for å studere, og studiane varer 1/2 år eller meir, får ha den ordinære medlemskapen sitt, men betaler eit årleg beløp fastsett av landsstyret til dekning av informasjon og kollektive forsikringar.
  3. Medlemmer som er nyutdanna, får innvilga kontingentfritak det første arbeidsåret etter avslutta grunnutdanning. Desse medlemmene betaler kollektive forsikringar.

Vilkåra for fritak av kontingent etter dei reglane som her er nemnt, må dokumenterast overfor forbundet.

C Uteståande kontingent

Står ein medlem til rest med kontingenten for meir enn 3 månader utan at forbundsstyret har samtykt i det, kan vedkomande strykast som medlem av forbundet. Lokale organisasjonsledd skal kontaktast før vedkomande vert stroken.

§ 13 Tariffkrav og tariffrevisjonar

  1. Set forbundsstyret fram krav om ny tariffavtale, må kravet godkjennast av sekretariatet i LO på førehand.
  2. Plassoppseiing kan gjerast når sekretariatet i LO har gjeve godkjenning etter punkt 1.
  3. Fører ikkje forhandlingar eller mekling fram, og forbundet vil setje i verk arbeidsstans, må godkjenning frå sekretariatet i LO hentast inn.
  4. Lokale tariffkrav og tvistesaker vert handsama i samsvar med hovudavtalar og hovudtariffavtalar.
  5. Fylkeslag/foreining/klubb tilslutta forbundet kan ikkje fremje krav om oppretting av tariffavtale eller seie opp ein tariffavtale utan godkjenning frå forbundet og LO. Fylkeslag/foreining/klubb kan heller ikkje på eiga hand gå til plassoppseiing eller setje i gang arbeidsstans.

§ 14 Avrøysting over tarifforslag

  1. Tarifforslag skal som regel leggjast fram for dei medlemmene som interessetvisten gjeld. Resultatet av avrøystinga skal gje uttrykk for viljen hos medlemmene.
  2. Har fleirtalet av dei medlemmene som interessetvisten gjeld stemt for forslaget, er det vedteke. Har fleirtalet stemt imot, er det forkasta.
  3. Vert ikkje vilkåret i punkt 2 oppfylt, er avrøystinga ikkje bindande med mindre 2/3 eller meir av dei medlemmene interessetvisten gjeld, har teke del i avrøystinga.
  4. Har mindre enn 2/3 teke del i avrøystinga, og vilkåret i punkt 2 ikkje er oppfylt, sender forbundsstyret melding om avrøysting med innstilling til sekretariatet i LO om forslaget bør vedtakast eller forkastast.
  5. Omfattar ei tariffrørsle også andre LO-forbund, steller ein seg som bestemt i LO sine vedtekter.
  6. Uravrøysting skjer elektronisk.
  7. Rett til å delta i avrøysting om ny tariffavtale har alle medlemmer ved arbeidsplassar der tariffavtalen gjeld.
  8. På møte i klubb/foreining/ fylkeslag som handsamar tariffspørsmål, kan medlemmer i andre forbund som er omfatta av tariffspørsmålet delta, dersom dei har rett til å oppretthalde medlemskapen sin i anna LO-forbund. Slike medlemmer har ikkje røysterett.

§ 15 Arbeidsstans

  1. Når samtykke til å setje i verk arbeidsstans ligg føre, eller om lockout er varsla, skal dei organisasjonsledda som er omfatta av arbeidsstansen velje ei streike- eller lockoutnemnd. Fylkesstyret set i verk den kontrollen som er naudsynt under arbeidsstansen.
  2. Så lenge arbeidsstansen varer, må ingen ta arbeid i bedrifter som er omfatta av arbeidsstansen eller i bedrifter der det er erklært absolutt sympatiaksjon. Tek medlemmene anna arbeid, må dei gje melding om det til fylkesstyret. Så lenge medlemmene har slikt arbeid fell stønaden bort.
  3. Forbundsstyret tek avgjerd i kvart einskilt tilfelle om namn på streike- eller blokadebrytarar skal offentleggjerast.
  4. Ingen organisert arbeidar må søkje arbeid etter avslutta lovleg streik eller lockout før alle medlemmene ved verksemda som var med i arbeidsstansen, har fått igjen arbeidet sitt. Den som tek arbeid i strid med dette, vert ramma av det som er bestemt i punkt 2 i denne paragrafen. I særlege tilfelle kan forbundsstyret gjere unntak.
  5. Arbeidsstansen kan som regel ikkje hevast før dei organisasjonsledda som er interessepart i han, har uttalt seg. Organisasjonsledda kan heller ikkje heve arbeidsstansen før samtykke frå forbundsstyret er gjeve.
  6. Berre dei medlemmene som interessetvisten gjeld, har røysterett i spørsmålet om å setje i verk, avslutte eller fortsetje arbeidsstansen.
  7. Ved alle avrøystingar skal reglane i §14 følgjast.

§ 16 Stønad under arbeidsstans

  1. Arbeidsstans sett i verk på den måten som er fastsett i desse vedtektene, gjev alle medlemmene som vert omfatta av arbeidsstansen rett til stønad. Stønaden vert fastsett av forbundsstyret.
  2. For å få rett til stønad må den einskilde medlemmen ha vore i arbeid på det tidspunktet då arbeidsstansen begynte, og ha betalt kontingent til forbund tilslutta LO i minst 2 månader før arbeidsstansen vart sett i verk.
  3. Forbundsstyret fastset frå når stønad skal utbetalast.
  4. Medlemmer som var sjuke då arbeidsstansen vart sett i verk, har krav på stønad frå den dagen dei vert friskmelde mot å leggje fram legeattest. Medlemmer som var utskrivne til militærteneste eller hadde permisjon med lønn av andre årsaker då arbeidsstansen vart sett i verk, får stønad frå den dag dei vert dimitterte eller skulle ha teke til att i stillinga. Sjå pkt.2 over.
  5. Administrasjonen i forbundet sørgjer for utbetaling av stønad etter vedtak fatta i forbundsstyret.

§ 17 Kampfondet

  1. Forbundet har plikt til å opparbeide eit kampfond som er i samsvar med vedtektene i LO.
  2. Midlane i kampfondet skal plasserast slik at dei ikkje taper verdi, men samstundes snøgt kan nyttast til stønad når situasjonen krev det.

§ 18 Uravrøysting

  1. Forbundsstyret kan gjere vedtak om uravrøysting i viktige saker. Forbundsstyret avgjer etter kva retningslinjer uravrøystinga skal gå føre seg. For uravrøysting i tariffspørsmål gjeld § 14.
  2. Avrøystinga kan omfatte alle medlemmer i forbundet eller medlemmer i bestemte organisasjonsledd.
  3. Sett bort frå dei saker som er nemnt i § 14, vert det kravd at minst 1/3 av dei medlemmene saka gjeld, har teke del i avrøystinga for at resultatet skal vere avgjerande. I motsett fall er avrøystinga rådgjevande for forbundsstyret.

§ 19 Landsmøtet

  1. Landsmøtet er det høgaste organet i forbundet. Ordinært landsmøte skal haldast kvart fjerde år (helst same året som kongressen i LO) på stad og tid som vert fastsett av landsstyret. Landsmøtet bør haldast i vårhalvåret.
  2. Landsmøtet skal kallast inn 6 månader før det vert halde. Innkallinga vert sendt til fylkeslaga og foreiningane.
  3. Klubbar, foreiningar, fylkeslag, forbundsstyret, landsstyret og utval har rett til å setje fram forslag til landsmøtet. Forslaga må vere komne inn til forbundsstyret seinast 5 månader før landsmøtet. Forslag til endringar i prinsipp- og handlingsprogram og vedtekter skal ha førebuande handsaming i utvala. Utvala legg fram innstilling for landsstyret, som igjen innstiller for landsmøtet. Forslag frå organisasjonsledd som ikkje vert tekne med i forslaga landsstyret fremjar for landsmøtet, kan fremjast på nytt i landsmøtet.
  4. Forslag til saksliste, forretningsorden, innstillingane frå landsstyret og innsendte forslag skal sendast til dei valte delegatane, foreiningane, fylkeslaga, forbundsstyret, landsstyret og utvala seinast 2 månader før landsmøtet.
  5. Landsmøtet består av valte representantar og av medlemmene i landsstyret. Forbundssekretærane, samt Skolenes landsforbund sin representant i LO sitt ungdomsutval møter på landsmøtet med tale- og forslagsrett.
    a) Talet på representantar vert rekna ut på grunnlag av talet på medlemmer innan kvart einskilt fylkeslag, som har gjort pliktene sine eller er innvilga fri kontingent etter § 12. Utrekningsgrunnlaget vert sett til utgangen av næraste heile kvartal før landsmøtet skal kallast inn.
    Representasjonsreglane er følgjande:
    Inntil 200 medl. gir 3 repr.
    Frå 201 inntil 300 medl. gir 4 repr.
    Frå 301 inntil 400 medl. gir 5 repr.
    Frå 401 inntil 500 medl. gir 6 repr.
    Frå 501 inntil 600 medl. gir 7 repr.
    Frå 601 inntil 700 medl. gir 8 repr.
    Frå 701 inntil 800 medl. gir 9 repr.
    Frå 801 inntil 900 medl. gir 10 repr.
    Frå 901 inntil 1000 medl. gir 11 repr.
    Og vidare 1 representant for kvar påbegynt 200 medlemmer.
    b) Valfør som representant er berre ein som har vore medlem i eit forbund tilslutta LO i minst 1 år før landsmøtet vert halde.
    c) Skjema for fullmakt vert sendt forbundet innan fastsett frist. Skjema skal innehalde namn på dei valte delegatane og ei eiga liste med vararepresentantane. Vararepresentantane rykkjer opp i nummerorden ved forfall. Fullmaktene skal vere underskrivne av to av medlemmene i fylkesstyret. Fullmaktene skal granskast av ein fullmaktskomité valt av landsmøtet. Komiteen legg innstillinga si fram for landsmøtet, som gjer det endelege vedtaket om godkjenning av fullmaktene.
  6. Landsmøtet gjer vedtak om den endelege sakslista og forretningsorden.
  7. Ved avrøysting på landsmøtet har kvar representant ei røyst. Sakene vert avgjorte ved røystefleirtal. I tilfelle der det er like mange røyster, er forslaga forkasta. Medlemmene i landsstyret har ikkje røysterett i saker som vedkjem ansvarsfridom for dei vedtaka dei har vore med på som medlemmer av landsstyret og forbundsstyret. Det same gjeld saker om tvistar mellom forbundsstyret og landsstyret som vert lagde fram på landsmøtet. I slike saker har dei berre tale- og forslagsrett.
  8. Fylkeslaga betaler ein fastsett eigendel for representantane sine. Landsmøtet fastset eigendelen.

§ 20 Landsmøtet sitt styringsområde

  1. Landsmøtet skal handsame og gjere vedtak i alle saker som er førte opp på den vedtekne sakslista. På sakslista skal alltid stå handsaming av årsmeldingar, rekneskapar for landsmøteperioden og innkomne forslag.
  2. Landsmøtet skal velje dei tillitsvalte i forbundet, også valte forbundssekretærar. Val av tillitsvalte går føre seg ved særskilt val og elles etter reglane i punkt 3.
  3. Det skal veljast eit forbundsstyre med forbundsleiar, 1. nestleiar, 2. nestleiar, og i tillegg 6 medlemmer og 6 varamedlemmer. Ein av nestleiarane skal utpeikast til å ha hovudansvar for økonomien. Landsstyret består av 2 representantar frå kvart fylke. Utover dei valte forbundsstyremedlemmene vert dei andre medlemmene av landsstyret valt med to personlege vararepresentantar, slik at alle fylke er fast representerte i  landsstyret. Ved val av landsstyre skal så vidt mogleg minst 40 % av kvart kjønn og dei ulike yrkesgruppene innan organisasjonsområdet vere representerte. Fylkeslaget nominerer to kandidatar og to vara til landsstyret. Begge kjønn skal vere representert.
  4. Ved val av tillitsvalte vert det kravd tilslutning av meir enn 50 % av røystene. Har ein ikkje oppnådd det ved den første avrøystinga, vert det omval og kandidaten med færrast røyster skal strykast. Det vert omval til ein av kandidatane har oppnådd 50 % av røystene. Ved likt røystetal vert det loddtrekning.
  5.  Tillitsvalte begynner 1.januar viss landsmøtet vert halde i 2.halvår og 1.august om landsmøtet vert halde 1.halvår.
  6. Om eit forbundsstyre- eller landsstyremedlem i landsmøteperioden vert valt til forbundssekretær, trer vedkomande ut av forbundsstyret eller landsstyret, og varamedlem rykkjer opp som medlem med røysterett i denne perioden. Landsstyret kan gjere unntak frå denne regelen, dersom valet gjeld ein avgrensa periode.
  7. Landsmøtet skal velje kontrollkomité med 2 medlemmer og 2 varamedlemmer. Medlemmer og varamedlemmer i kontrollkomiteen skal ikkje vere fast lønna av forbundet og tiltrer vervet direkte etter landsmøtet.
  8. Landsmøtet skal velje medlemmer til dei andre utvala i forbundet.
  9. Landsmøtet skal velje representantar med vararepresentantar til LO sin kongress og LO sitt representantskap.
  10. Landsmøtet skal etter gjeldande vedtekter velje medlemmer med varamedlemmer til styret og representantskapet i LO Stat og til dei styrande organa i LO Kommune.
  11. Landsmøtet skal handsame vedtektene for forbundet og forbundet sitt prinsipp- og handlingsprogram.
  12. Benkeforslag om endringar i vedtektene kan ikkje takast opp til handsaming på landsmøtet, utan at dei har samband med forslag som er sette fram på vanleg måte.
  13. Landsmøtet skal avgjere alle stridsspørsmål mellom forbundsstyret og landsstyret, mellom desse og dei tilslutta fylkeslaga eller mellom foreiningane innbyrdes, om ikkje vedtektene fastset ein annan framgangsmåte.
  14. Landsmøtet skal fastsetje kontingenten som skal betalast til forbundet.

§ 21 Ekstraordinært landsmøte

  1. Ekstraordinært landsmøte kan kallast inn av landsstyret når det er naudsynt. Det same har forbundsstyret plikt til å gjere når fylkeslag eller foreiningar som representerer minst halvparten av medlemmene i forbundet på lovleg innkalla representantskapsmøte/ekstraordinære representantskapsmøte krev det.
  2. Ekstraordinært landsmøte bør kallast inn med minst 15 dagars varsel, og kan berre handsame dei sakene som var årsak til innkallinga.
  3. Representantar til det ekstraordinære landsmøtet er dei som er valte til det siste ordinære landsmøte. Ved eventuell erstatning eller supplering må fylkesstyret velje ny representant etter gjeldande representasjonsreglar. (§ 19.5)

§ 22 Landsstyret

  1. Landsstyret er det høgaste organet i forbundet når landsmøtet ikkje er samla. Det er vedtaksført når minst 2/3 av medlemmene er til stades.
  2. Landsstyret kjem saman til møte så ofte forbundsstyret finn det naudsynt, og minst to gonger kvart år. Landsstyret skal også møtast når minst halvparten av medlemmene i landsstyret krev det.
  3. Medlemmer og innkalla varamedlemmer i landsstyret har møteplikt. Møter ikkje ein innkalla opp på to møte etter kvarandre utan å melde gyldig forfall, skal vedkomande utestengast frå landsstyret, og varamedlemmen i fylket rykkjer då opp som fast medlem.
  4. Møta i landsstyret skal leiast av valte dirigentar. Ved likt røystetal i landsstyret er røysta til forbundsleiaren avgjerande. Når leiaren har fråvær, gjeld dette nestleiar.
  5. I landsstyret har medlemmene i forbundsstyret røysterett i alle saker med unntak av årsmelding og rekneskap.
  6. Går ein av dei valte landsstyremedlemmene ut av forbundet, tar representanten sitt varamedlem over plassen for resten av landsmøteperioden.
  7. Reiseutlegg, diett og tapt arbeidsforteneste i samband med landsstyremøta vert dekte av forbundet.
  8. Forbundssekretærane og Skolenes landsforbund sin representant i LO sitt ungdomsutval møter i landsstyret med tale- og forslagsrett. Ein valt representant frå funksjonærane har rett til å vere til stades med tale- og forslagsrett.
  9. Forbundsleiinga og forbundssekretærane har tilgjenge til alle møte i fylkeslag og foreiningar og andre organ, med tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
  10. Kontrollkomiteen møter med 2 representantar i landsstyret.

§ 23 Landsstyret sitt styringsområde

Landsstyret skal:

  1. Handsame og førebels godkjenne årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding for førre år og budsjett for komande år.
  2. Handsame og vedta generelle retningslinjer for forbundet i samsvar med § 5.
  3. Setje i verk suppleringsval. Fylkeslaget har forslagsrett ved val av nye medlemmer eller varamedlemmer til landsstyret.
  4. Det einskilde fylkeslag kan etter søknad til landsstyret be om å få valt nytt landsstyremedlem i landsmøteperioden. Landsstyret avgjer søknaden.
  5. Fastsetje lønns- og arbeidsvilkåra til dei tillitsvalte.
  6. Ta avgjersler i saker som er anka inn etter § 2 eller § 7 punkt I.
  7. Fastsetje den øvre grensa for  kontingenten i samsvar med §12A punkt 1.
  8. Utlikne ekstrakontingent i samsvar med §12 A punkt 2.
  9. Handsame alle saker som er anka inn av medlemmer i forbundsstyret.
  10. Innstille overfor landsmøtet på endringar til forbundet sitt prinsipp- og handlingsprogram og vedtekter på grunnlag av innkomne forslag frå utvala.
  11. Handsame andre saker som er førte opp på sakslista.
  12. Vere ankeinstans for organisasjonsledd og medlemmer når det gjeld tidlegare forbundsstyrevedtak.
  13. Avgjere tvistar om fortolking av vedtektene i forbundet.
  14. Velje ein valkomité med 5 medlemmer på ordinært landsstyremøte våren før kvart ordinære landsmøte. Komiteen skal foreta kartleggjing og legge fram forslaget seinast innan 14 dagar før landsmøtet.                                                                                                               

§ 24 Forbundsstyret

  1. Forbundsstyret er vedtaksført når minst 6 av dei 9 medlemmene er til stades. Ved likt røystetal i forbundsstyret er forbundsleiaren si røyst avgjerande. Har forbundsleiaren fråvær, gjeld dette nestleiar.
  2. Møte vert halde så ofte det er naudsynt av omsyn til saksmengda.
  3. Medlemmer og innkalla varamedlemmer av forbundsstyret har møteplikt. Møter ikkje ein innkalla representant opp på tre møte etter kvarandre utan å melde gyldig forfall, skal vedkomande utestengast frå forbundsstyret, og første varamedlem rykkjer då opp som fast medlem.
  4. Forbundssekretærane møter i forbundsstyret med tale- og forslagsrett.
  5. I saker som vedkjem lønns-, tilsetjings- og arbeidsvilkår for dei tilsette, tiltrer den hovudtillitsvalte for dei tilsette forbundsstyret med alle rettar. I alle andre saker møter dei tilsette med sin representant med tale- og forslagsrett.
  6. Vedtak i forbundsstyret kan, av eit mindretal, ankast inn for landsstyret.
  7. Fylkeskonferansen er rådgjevande organ i forbundsstyret. På fylkeskonferansen skal kvart fylke vere representert med så mange representantar som forbundsstyret fastset. Det einskilde fylkesstyret avgjer kven som skal vere deira representantar. Fylkeskonferansen vert kalla inn minst ein gong i året.

§ 25 Forbundsstyret sitt styringsområde

Forbundsstyret skal:

  1. Leie verksemda i forbundet i samsvar med vedtektene og landsmøtet og landsstyret sine vedtak.
  2. Førebels godkjenne og underskrive årsrekneskap og årsmelding etter rekneskapslova og innstille overfor landsstyret.
  3. Samordne tariff- og utdanningspolitiske spørsmål i samsvar med føremål og program for forbundet og LO, og etter dei retningslinjer som til ei kvar tid er trekte opp. Forbundsstyret har ansvaret for dei tariffpolitiske spørsmåla om lønns- og arbeidsvilkår.
  4. Handsame søknader om permisjon og fritak frå verv frå tillitsvalte, og setje i verk suppleringsval som vert lagde fram for landsstyret.
  5. Tilsetje fast personale innanfor stillingsheimlane til forbundet som er fastsett av landsstyret, og fastsetje lønns- og arbeidsvilkår for dei.
  6. Forvalte forbundet sine midlar i samsvar med §10.3.
  7. Innkalle landsstyret og landsmøtet og førebu dei sakene som skal handsamast der.
  8. Utlikne ekstrakontingent i samsvar med §12 A. punkt 2.
  9. Sjå til at det vert teikna forsvarleg ansvarsforsikring for tilsett(e) og kasserar(ar).
  10. Vedta politiske og økonomiske fullmakter for arbeidsutvalet som består av leiar, 1. og 2. nestleiar.

Vedtekter for fylkeslag

§ 26 Oppretting

I kvart fylke skal det vere eit fylkeslag av Skolenes landsforbund. Troms og Finnmark skal organiserast som to fylkeslag.

§ 27 Oppgåver

  1. Fylkeslaget skal arbeide etter dei retningslinjer som går fram av vedtektene og programma for Skolenes landsforbund og Landsorganisasjonen i Noreg.
  2. Fylkeslaget har det overordna ansvaret for å ivareta medlemmene sine interesser. Fylkeslaget skal sjå til at naudsynte hovudtillitsvalte vert valte og meldte til arbeidsgjevar innan kvart avtaleområde.
  3. Fylkeslaget skal sjå til at det vert gjennomført lokale forhandlingar for medlemmer på kommunalt, statleg og andre tariffområde, og at det vert valt forhandlingsutval for fylkeskommunen og for kommunane i fylket og eventuelle andre tariffområde, dersom dette ikkje vert ivareteke av foreininga.
  4. Fylkeslaget skal ivareta oppgåvene til foreiningane (jf. § 34.3) i fylket/delar av fylket der det ikkje finst foreining(ar).
  5. Fylkeslaget kan opprette fagseksjonar og arbeidsutval.
  6. Fylkeslaget har ansvaret for å drive opplæring og skolering av medlemmer, i tillegg til informasjon og vervearbeid.
  7. I samsvar med retningslinjer trekte opp av Skolenes landsforbund og LO samarbeider fylkeslaga med andre organisasjonar. Fylkeslaget skal arbeide for å styrke solidariteten og samarbeidet mellom forbund og organisasjonsledd i LO.

§ 28 Kontingent og økonomi

  1. Fordelinga av den tilbakeførte kontingenten til fylkeslaget og foreiningane frå forbundet (sjå § 12 A punkt 1) vert bestemt av fylkeslaget sitt representantskapsmøte.
  2. Representantskapsmøte i fylkeslaget kan i særskilte tilfelle skrive ut ekstrakontingent. Slikt vedtak må godkjennast av forbundsstyret.

§ 29 Representantskapsmøtet

  1. Representantskapet vert kalla inn så ofte det er naudsynt, men minst ein gong kvart år. Representantskapet skal handsame årsmelding(ar), rekneskap, budsjett, handlingsplan, innkomne forslag og val årleg eller annakvart år innan utgangen av mai månad. Representantskapet vert kalla inn 4 veker på førehand samtidig som melding om tidspunkt og utkast til førebels saksliste vert sendt foreiningane. Foreiningane, klubbane og medlemmene har rett til å setje fram forslag til dette representantskapsmøtet. Forslaga må vere komne inn til fylkesstyret seinast 2 veker før representantskapsmøtet. Sakspapir skal vere sendt ut til foreiningane og medlemmene før representantskapsmøtet. Foreiningane/klubbane skal velje representantar til representantskapsmøtet i samsvar med ei representasjonsordning fastsett av fylkesstyret.
  2. Leiar, nestleiar, kasserar og sekretær skal veljast ved særskilte val. Det skal veljast to revisorar og valkomité.
  3. Det skal orienterast om årsmelding og rekneskap i foreiningane.
  4. Det skal veljast representant(ar) til forbundet sitt landsmøte.
  5. Det skal sendast inn godkjente årsmeldingar, rekneskap og meldingar om val for klubbar, foreiningar og fylkeslaget til forbundet.

§ 30 Ekstraordinært representantskapsmøte

Det vert kalla inn til ekstraordinært representantskapsmøte, dersom minst 1/4 av medlemmene eller eit fleirtal av foreiningane/ klubbane krev det eller etter krav frå fylkesstyret eller forbundsstyret. Ekstraordinært representantskapsmøte skal kallast inn med minst to vekers varsel og kan berre drøfte dei saker som er sett opp i møteinnkallinga.

§ 31 Fylkesstyret

  1. Styret har minst 5 medlemmer og minst 2 varamedlemmer. Fylkeslaget sine landsstyrerepresentantar tiltrer fylkesstyret i heile landsmøteperioden. Ein av medlemmene skal vere studieleiar.
  2. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades. Ved likt røystetal avgjer leiaren si dobbeltrøyst.
  3. Fylkesstyret har ansvaret for å førebu og kalle inn til representantskapsmøte.
  4. Fylkesstyret er fylkeslaget sitt høgaste organ mellom representantskapsmøta og leier arbeidet i samsvar med dei vedtekter og program som gjeld for forbundet og § 27 i vedtektene for fylkeslag, i tillegg til dei retningslinjer som vert trekte opp av representantskapsmøtet.
  5. Fylkesstyret skal halde kontakt med foreiningane/klubbane, dei tillitsvalte og direkte tilslutta medlemmer.
  6. Gjennom studieleiaren skal fylkesstyret, i samarbeid med LO Stat og LO Kommune, andre forbund og organisasjonsledd i LO, få i gang studiearbeid og sørgje for at tillitsvalte får den opplæringa dei treng.
  7. Forbundsstyret har til alle tider rett og plikt til å gjennomgå rekneskapa i fylkeslaget. Forbundsstyret kan vidare krevje at rekneskapa vert gjennomgåtte av ein statsautorisert revisor, eller eit revisjonsselskap av statsautoriserte revisorar.

§ 32 Oppløysing av fylkeslag

  1. Fylkeslag kan ikkje oppløysast utan godkjenning frå forbundsstyret.
  2. Om fylkeslaget vert oppløyst går aktiva til forbundskassa.

Vedtekter for foreiningar

§ 33 Oppretting

På arbeidsplassar eller i avgrensa område kan det etter søknad til forbundsstyret opprettast foreining. Søknaden vert sendt om fylkesstyret som vidaresender han til forbundsstyret med sine merknader. Fylkesstyret kan også søkje om oppretting av ny foreining for ei medlemsgruppe.

§ 34 Oppgåver

  1. Foreiningane skal arbeide etter dei retningslinjene som går fram av vedtektene og programma for Skolenes landsforbund og Landsorganisasjonen i Noreg.
  2. Foreininga skal søkje å organisere alle lønnstakarar som kjem inn under foreininga sitt organisasjonsområde.
  3. Foreininga skal ivareta medlemmene sine interesser overfor kommunale styresmakter, blant anna ved å sørgje for at det vert valt kommunetillitsvalte etter gjeldande avtaleverk.
  4. Foreininga skal sørgje for at det vert valt forhandlingsutval og gjennomført lokale forhandlingar for medlemmer på kommunalt og statleg tariffområde, eventuelt andre tariffområde innanfor foreininga sitt organisasjonsområde. Ved behov vert forhandlingsutval som er nedsett på fylkesnivå, nytta.
  5. Foreininga skal halde jamleg kontakt med enkeltmedlemmer.
  6. Foreininga skal i samarbeid med fylkeslaget ha ansvar for opplæring og skolering av medlemmer, i tillegg til informasjon og vervearbeid.
  7. Foreininga skal slutte seg til den lokale LO-avdelinga på staden.

§ 35 Kontingent og økonomi

Årsmøte i foreininga kan i særskilte tilfelle skrive ut ekstrakontingent. Slikt vedtak må godkjennast av forbundsstyret.

§ 36 Årsmøte

  1. Ordinært årsmøte bør haldast før representantskapsmøtet i fylkeslaget, og seinast innan utgangen av april. Årsmøtet skal kallast inn minst tre veker før det vert halde, saman med utkast til førebels saksliste. Klubbar og medlemmer har rett til å setje fram forslag til årsmøtet. Forslaga må vere komne inn til foreiningsstyret seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet skal halde val og handsame årsmelding og rekneskap. Godkjent årsmelding og rekneskap skal sendast fylkeslaget.
  2. Val av styre vert gjort på årsmøtet. Leiar og kasserar skal veljast ved særskilte val. Det skal veljast 2 revisorar og valkomité.
  3. Foreiningar som har behov for det, kan organiserast med representantskap. §§ 28 nr. 2, 29 nr. 1 og 2 og 30 gjeld då tilsvarande som for fylkeslag.

§ 37 Ekstraordinært årsmøte

  1. Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn når styret eller minst 1/4 av medlemmene krev det. Forbundsstyret kan også krevje at det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte.
  2. Det ekstraordinære årsmøtet kan berre handsame dei saker som har vore grunn til innkallinga. Slikt årsmøte kan kallast inn med ei vekes varsel.

§ 38 Medlemsmøte

  1. Medlemsmøte skal haldast så ofte styret gjer vedtak om det. Saksliste vert bestemt av styret og skal kunngjerast på førehand. Forslag som er komne inn frå medlemmer i samsvar med punkt 2 i denne paragrafen, skal førast opp på sakslista.
  2. Medlemmer som ønskjer saker tekne opp i medlemsmøte, skal melde det til styret.

§ 39 Foreiningsstyret

Styret i foreininga skal bestå av minst tre medlemmer og minst eitt varamedlem.

  1. Om det vert valt studieleiar, skal denne vere medlem av styret.
  2. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades. Er det likt røystetal, avgjer leiaren si dobbeltrøyst.

§ 40 Oppløysing av foreining

  1. Foreininga kan ikkje oppløysast utan godkjenning frå forbundsstyret.
  2. Om foreiningar vert oppløyste, går alltid aktiva i foreininga til fylkeslaget si kasse.

Vedtekter for klubbar

§ 41 Oppretting av klubb

På arbeidsplassar med fleire medlemmer skal det som hovudregel opprettast klubb. Der det ikkje er praktisk mogleg å opprette klubb, må det avtalast mellom SL sine medlemmer kven som skal representere SL på arbeidsplassen.

§ 42 Oppgåver

  1. Klubben skal arbeide etter dei retningslinjer som går fram av vedtektene og programma for Skolenes landsforbund og Landsorganisasjonen i Noreg.
  2. Klubben skal arbeide for å organisere alle lønnstakarar som kjem inn under organisasjonsområdet til klubben.
  3. Klubben skal ta vare på medlemmene og forbundet sine interesser på arbeidsplassen i forhold til dei styrande utvala og drøftande organa i driftseininga.
  4. Klubben skal ta initiativ til opplæring og skolering av medlemmer overfor foreining/fylkeslag.
  5. Klubben skal ha ansvar for informasjon til medlemmer, og for lokalt vervearbeid.
  6. Klubben skal utføre andre oppgåver gjevne av foreininga/fylkeslaget eller forbundet.

§ 43 Økonomi

Klubben får dei økonomiske midlane sine gjennom søknad til/vedtak i foreininga/fylkeslaget han er tilslutta.

§ 44 Årsmøte

Ordinært årsmøte bør haldast innan utgangen av mars. Årsmøte skal kallast inn med minst ei vekes varsel saman med utkast til førebels saksliste. Medlemmer har rett å setje fram forslag til årsmøtet.

Forslaga til årsmøtet må vere komne inn til klubbstyret seinast tre dagar før årsmøtet.

På årsmøtet skal det haldast val på tillitsvalt og vara(ar), og handsamast årsmelding og innkomne forslag. Melding om val skal sendast foreining, fylkeslag og arbeidsgjevar innan åtte dagar.

§ 45 Ekstraordinært årsmøte

  1. Ekstraordinært årsmøte vert kalla inn når styret eller minst 1/4 av medlemmene krev det. Foreiningsstyret kan også krevje at det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte.
  2. Det ekstraordinære årsmøtet kan berre handsame dei sakene som har vore grunn til innkallinga. Slikt årsmøte kan innkallast med to dagars varsel.

§ 46 Medlemsmøte

  1. Medlemsmøte skal haldast så ofte styret gjer vedtak om det, likevel minst ein gong kvart kvartal. Saksliste vert bestemt av styret og skal kunngjerast på førehand.
  2. Medlemmer som ønskjer saker tekne opp i medlemsmøtet bør sende forslag om det til styret.

§ 47 Klubbstyret

  1. Klubben skal ha eit styre.
  2. Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemmene er til stades. Ved likt røystetal, har leiaren dobbeltrøyst.

§ 48 Oppløysing

  1. Ein klubb vert oppløyst når medlemsgrunnlaget ikkje lenger er til stades. Den siste leiaren sender melding til foreining/fylkeslag. I dette tilfelle trer § 41 i kraft.
  2. Om klubben vert oppløyst, går alltid aktiva i klubben til foreiningskassa, eventuelt fylkeslagskassa.

§ 49 Fagblad og heimesider i forbundet

  1. Forbundet skal gje ut fagbladet «I skolen», og i tillegg drifte ei heimeside og vere aktiv via sosiale media. Dette skal vere forbundet sine organ ut og gje medlemmer og andre innsyn i verksemda i forbundet.
  2. Fagbladet og heimesida skal presentere forbundet sine standpunkt og i best mogleg grad spegle den utdanningspolitiske debatten.
  3. Ansvarleg redaktør vert valt av forbundsstyret, eller forbundet kan kjøpe tenesta av andre fagblad.
  4. Ansvarleg redaktør er underlagt alminnelege presseetiske prinsipp og lover.

§ 50 Forhandlingsutval

Forbundsstyret fungerer som forbundet sitt forhandlingsutval.

§ 51 Organisasjonsutval

  1. Organisasjonsutvalet er rådgjevande organ for forbundsstyret i organisasjonssaker.
  2. Utvalet har ansvar for å revidere forbundet sine vedtekter før landsmøtet og innstiller overfor landsstyret.
  3. Utvalet skal vere rådgjevande organ for forbundsstyret/landsstyret i tolking av vedtektene.
  4. Utvalet skal bestå av fem medlemmer med erfaring frå organisasjonsarbeidet i forbundet, deriblant ein frå administrasjonen i forbundet som er leiaren i utvalet. Går nokre av medlemmene ut i perioden, skal utvalet supplerast etter vedtak i landsstyret.
  5. Ein forbundssekretær skal fungere som den faste sekretæren i utvalet og har tale- og forslagsrett.
  6. Verksemda i utvalet skal finansierast ut frå ei ramme fastlagt i forbundet sitt budsjett for kvart år.

§ 52 Utdanningspolitisk utval

  1. Utdanningspolitisk utval er rådgjevande organ for forbundsstyret i utdanningspolitiske spørsmål, og utvalet har ansvar for å førebu revisjonen av utdanningspolitisk prinsipp- og handlingsprogram før landsmøtet og innstiller overfor landsstyret.
  2. Medlemmene i utvalet kan representere forbundet på møte og konferansar der utdanningspolitiske spørsmål vert drøfta.
  3. Utvalet skal utarbeide innstillingar og fråsegner om utdanningspolitiske spørsmål, blant anna på oppdrag frå administrasjonen i forbundet.
  4. Utvalet skal leggje opp til debatt i organisasjonsledda i forbundet om nye/uavklarte utdanningspolitiske spørsmål.
  5. Utvalet skal bestå av fem medlemmer, deriblant ein frå administrasjonen i forbundet som er leiar i utvalet. Går nokre av medlemmene ut i perioden, vert utvalet supplert etter vedtak i landsstyret.
  6. Ein forbundssekretær skal fungere som den faste sekretæren i utvalet og har tale- og forslagsrett.
  7. Verksemda i utvalet skal finansierast ut frå ei ramme fastlagt i forbundet sitt budsjett for kvart år.

§ 53 Pensjonsutval

  1. Pensjonsutvalet er forbundets rådgjevande organ i alle spørsmål som gjeld pensjon.
  2. Utvalet har som arbeidsområde:
    * Hente inn informasjon frå medlemmer, frå Stortings- og regjeringsdokument, frå offentleg pensjonskasse eller tilsvarande ordning, og andre kjelder som er viktige.
    * Arbeide med informasjonen og fremje saker for dei styrande organa i SL.
  3. Utvalet ser til at medlemmene vert gitt informasjon gjennom I Skolen, brev, trykksaker, sosiale media og konferansar.   
  4. Utvalet skal bestå av fem representantar. Går nokre av medlemmene ut i perioden, vert utvalet supplert etter vedtak i landsstyret.
  5. Ein forbundssekretær skal fungere som den faste sekretæren i utvalet og ha tale- og forslagsrett
  6. Verksemda i utvalet skal finansierast ut frå ei ramme fastlagt i forbundet sitt budsjett for kvart år.

§ 54 Samepolitisk utval

  1. Samepolitisk utval er rådgjevande organ for forbundsstyret i alle spørsmål som gjeld samepolitisk område.
  2. Medlemmene i utvalet kan representere forbundet på møte og konferansar der samepolitiske spørsmål vert drøfta.
  3. Utvalet skal bestå av fem representantar. Går nokre av medlemmene ut i perioden, vert utvalet supplert etter vedtak i landsstyret.
  4. Ein forbundssekretær skal fungere som den faste sekretæren i utvalet og ha tale- og forslagsrett.
  5. Verksemda i utvalet skal finansierast ut frå ei ramme fastlagt i forbundet sitt budsjett for kvart år.

A – Stønad til organisasjonsaktivitetar

1. Fylkeslag, foreiningar, klubbar og utval, kan søkje om støtte til spesielle organisasjonsaktivitetar frå forbundet.

2. Søknader skal innehalde eit mest mogleg spesifisert budsjett og skildring av føremålet med tiltaket.

3. Søknader skal innehalde spesifiserte opplysningar om den økonomiske statusen til søkjarane.

4. Forbundsstyret kan løyve støtte til:

a) driftsutgifter som vert sett som naudsynte for å oppretthalde den organiserte aktiviteten i eit organisasjonsledd som har svak økonomi, eller som av andre grunnar treng økonomisk støtte til verksemda si.

b) møteutgifter for organisasjonsledd som pga. spesielle tilhøve ikkje har økonomisk grunnlag for å arrangere dei vedtektsbestemte representantskapsmøta – eventuelt andre møte som vert sett på som naudsynte for den organiserte aktiviteten.

c) startkapital for nye foreiningar som vert oppretta.

d) andre lokale organisasjonsmessige føremål

  • brosjyrar og materiell i samband med informasjon og opplysningsverksemd i organisasjonsledda.
  • utgifter i samband med spesielle informasjons-, agitasjons- eller verveopplegg.
  • lønns- og reiseutgifter i samband med kortvarig agitasjonsoppdrag.
  • tilskot til utgjeving av lokale meldingsblad.

e) Lokale, regionale eller sentrale kurs, konferansar og møte av fagforeinings- eller utdanningspolitisk art.
f) Særleg sentrale tiltak for skolering, informasjon og medlemsverving.

5. Forbundsstyret skal ha halvårleg oversyn over slike aktivitetar.
6. Landsstyret kan gjere endringar i desse retningslinjene.

B – Arbeidet til kontrollkomiteen

1. Kontrollkomiteen skal gjennomgå protokollen frå dei organa som forpliktar forbundet for å sikre at vedtak som vert fatta er i samsvar med vedtekter og fullmakter. Komiteen skal leggje spesiell vekt på den økonomiske sida av verksemda i forbundet.

2. Kontrollkomiteen har ansvar for å sjå etter at handlingsplanar og budsjett vert følgde opp.

3. Kontrollkomiteen kan til alle tider forlange å få sjå forbundet sine dokument og korrespondanse, og krevje at tillitsvalte og tilsette gjev dei opplysningar som komiteen meiner er naudsynte for å utføre vervet sitt.

4. På det økonomiske området er det naturleg at komiteen samarbeider med den revisoren frå revisjonskontoret i LO som har forbundet som ansvarsområde. Saman med revisoren skal det setjast opp ein plan for kontroll med økonomiske disposisjonar og registrering av desse. Oppgåver som kontrollkomiteen tek stilling til, kan vere forvaltninga av forbundet sine verdiar, løyvingar og større innkjøp.

5. Kontrollkomiteen og revisjonen har eit sjølvstendig ansvar for kvart av sine område. Desse områda vil i praksis gå noko i kvarandre, så det vil vere naturleg med eit samarbeid med revisjonen i forbundet, men det endrar ikkje på det sjølvstendige ansvaret kvar av desse har for sitt område.

6. Kontrollkomiteen skal halde seg orientert om revisjonen sine oppgåver og sjå til at revisjonen fungerer slik det er gått ut i frå i vedtekter og avtalar.

7. Kontrollkomiteen og revisjonen skal samarbeide slik at felles ressursar vert brukte på ein effektiv måte.

8. Protokollar frå møta i komiteen skal innehalde ein oversikt over kva som er behandla og kontrollert, og kva for nokre konklusjonar komiteen har trekt. Protokollen bør ikkje i detalj skildre komiteen sine arbeids- og kontrollmetodar. Protokollen går til forbundsstyret.

9. Til det møtet som handsamar årsmelding og rekneskap gjev komiteen melding om arbeidet sitt og kva konklusjonar komiteen har trekt for sitt ansvarsområde. Det vil vere naturleg om komiteen i meldinga si legg mest vekt på område som revisor ikkje handsamar i si melding.

10. Kontrollkomiteen bestemmer sjølv når og korleis han skal arbeide ut frå dei vedtak som er gjevne av landsmøtet. Ingen andre organ eller personar kan påleggje komiteen avgrensingar.

11. Komiteen har eit stort ansvar for at han med oppførsel eller utsegner ikkje kastar grunnlause mistankar på nokon. Inntil komiteen har materiale nok for å trekkje sikre konklusjonar, bør skriv til organ og personar skje i spørjande form. Komiteen bør sørgje for, i størst mogleg utstrekning, å ha skriftleg dokumentasjon til å underbyggje konklusjonane sine. Desse krava til varsemd må ikkje vere til hinder for at komiteen går inn for å undersøkje saker og forhold sjølv, på grunnlag av ein spinkel mistanke eller som del av rutinemessige kontrollar.

12. Til landsmøtet i forbundet gjev kontrollkomiteen si eiga melding for landsmøteperioden, ut ifrå dei same kriteria som den årlege meldinga.

13. Landsstyret kan, dersom verksemda i komiteen medfører større økonomiske belastningar, setje visse økonomiske rammer for verksemda.