[April 2017] Eg er tilsett som lærar på vilkår og skal ta PPU-eksamen til våren. Har eg rett på permisjon med full lønn då? Har spurt rektor om dette, men han seier at dei utan PPU ikkje har rett på lønna eksamensdagar. Stemmer det?

Snart ferdig lærar

SVAR: Dette stemmer ikkje. Alle som er tilsett i KS-området, uavhengig av stilling eller tilsettingsform, er omfatta av avtaleverket. Det betyr at du har same rett som andre lærarar til permisjon med lønn under eksamen, slik det står i hovudtariffavtalen KS, kap. 1, § 14.4.

Gunnvor Sen

Print Friendly, PDF & Email