[Oktober 2014] Rektor har kalt inn alle lærarane til eit møte i den ubundne tida deira. Møtet er fagleg og med ein interessant forelesar, så det er ingenting å seie på tilbodet. Sidan det er i lærarane si ubundne tid, meiner eg at dei skal ha overtidsbetalt. Rektor meiner at det skal dei ikkje, og at han kan styre kva slag fagleg oppdatering lærarane skal ha føre seg i den ubundne tida, seier han. Som kjent, så skal den ubundne tida brukast til for- og etterarbeid, samt fagleg oppdatering. Dersom SL meiner at rektor har rett i noko av dette, kan det vere kjekt å få vite det.

Tillitsvalt

SVAR: Rektor kan sjølvsagt ikkje styre eitt einaste minutt av den ubundne tida. Så dersom dette frammøtet fører til overtid, ja, så blir det overtid, med vanleg overtidsbetaling. Og som kjent, overtid kan avspaserast, men berre dersom den tilsette og arbeidsgjevar er samde. Overtidstillegget skal likevel alltid betalast ut.

Gunnvor Sen

Print Friendly, PDF & Email